Bokbåten er eit tiltak prioritert i vedtak i fylkestinget – ei teneste som omfattar både utlån av bøker og kulturprogram med spesiell fokus på barn. Fylkesbiblioteket er lokalisert i Kirkegt. 10 i Ålesund, har ein stab på 10 tilsette og har samarbeidsavtale med Ålesund bibliotek.
Målet er å vere tenesteleverandør og regional utviklingsaktør i biblioteksaker - rett og slett ”Eit bibliotek for biblioteka i fylket”:
· Låne ut bøker og andre media til folke- og skolebibliotek · Låne ut bøker og arrangere kulturprogram på bokbåten · Arbeide aktivt for å styrke litteratur- og kulturformidlinga i biblioteka · Gje råd og rettleiing i bibliotekfaglege spørsmål · Vere aktiv pådrivar for nye bibliotekmodellar og utviklingsprosjekt i fylket · Initiere og samordne IKT-utvikling i skole- og folkebibliotek · Styrke bibliotekkompetansen i fylket gjennom kurs og opplæring · Styrke samarbeidet mellom arkiv, bibliotek og museum i fylket
|