Søk i katalogen   MappaMi   Tilsette   Om oss   Kontakt  
Heim
Bibliotek i Møre og Romsdal
Regionalt samsøk Møre og Romsdal
Bokbåten Epos
Ut i verda med biblioteket
Kurs og møte
Postliste
Norsk bibliotektransport
Kulturnett Møre og Romsdal
Møre og Romsdal fylke
Ålesund bibliotek
NBF Møre og Romsdal
Arkiv
 
 
 
 
Språk, mangfald og kommunikasjon
5-fylkeskonferanse for bibliotektilsette i Hedmark, Oppland, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag og Møre og Romsdal, 15.-17. oktober i Ålesund.Utsatt påmeldingsfrist til 16.9.
Den store 5-fylkeskonferansen blir arrangert på Rica Parken hotel i Ålesund.

Konferansen vil ha fokus på språk, mangfald og kommunikasjon i vid forstand. Programmet er i stor grad basert på den opprinnelege ideen med "aktivitet og bevegelse": Etter programslutt den 15.10 blir det høve til å delta på byvandring i Jugendbyen Ålesund - eller ta båten over fjorden og sjå på Eksempelbiblioteket Sula. Dagsprogrammet den 16.oktober blir i Nynorsk kultursentrum i Ørsta, og dit reiser vi med buss og ferge - og her blir det både lunsj i Aasentunet og kaffe og svele på ferga!

Frå programmet kan vi nemne Maria Parr, Edvard Hoem, Bodil Have frå Aalborg bibliotekerne, Terje Kjøde frå Sunnmøre mållag, Amal Aden og mykje meir!

Fullstendig program og påmeldingsskjema finn du her.

NY Påmeldingsfrist 16.september

NB: Vi har fått melding om at enkelte har problem med å få lest programmet. Vi legg difor ut programmet HER også.

Så dette kan du definitivt ikkje gå glipp av! Har du ikkje sett av datoane enda, så gjer det snarast! For dei som allereie no ønsker å planlegge reisa hit, så kan vi opplyse at vi startar med lunsj 15.10 kl 11.30, og avsluttar med lunsj 17.10 kl. 12.45. Mulegheit for tilknytingsdøgn for dei som måtte trenge det.

Så vel møtt i Jugendbyen Ålesund i oktober!

Ellen Kristin Molvær
fylkesbiblioteksjef
Skriv ut siden i utskriftsvennlig format Molvær, Ellen Kristin - 13.09.2013
Møre og Romsdal Fylkesbibliotek - Postboks 1320 - 6001 Ålesund - Vitjingsadresse: Kirkegt. 10, 3. etg.