 Torsdag 18. januar var auditoriet på St. Carolus fylt til randen av bibliotektilsette. Rogaland fylkesbibliotek har sendt bibliotekarane Kjersti Torbjørnsen og Linn Tønnessen ut på ein formidlingsturne med fjorårets kulturfondbøker for vaksne, og i Møre og Romsdal vart 35 lydhøre tilhøyrarar presentert for korte og nyttige samanfatningar av om lag 90 titlar.
Både Kjersti og Linn er røynde litteraturformidlarar som er opptekne av den personlege litteraturopplevinga framfor den intellektuelle, og vi fikk og klar beskjed om kva bøker vi godt kunne styre unna...
Her finn de PowerPoint-presentasjonen og boklista
|