Søk i katalogen   MappaMi   Tilsette   Om oss   Kontakt  
Heim
Bibliotek i Møre og Romsdal
Regionalt samsøk Møre og Romsdal
Bokbåten Epos
Ut i verda med biblioteket
Kurs og møte
Postliste
Biblioteksvar
Kulturnett Møre og Romsdal
Møre og Romsdal fylke
Ålesund bibliotek
NBF Møre og Romsdal
Arkiv
 
 
 
 
Forfattarbesøk - Bjørn Sortland
Tysdag 19. og onsdag 20. januar hadde vi besøk av forfattaren Bjørn Sortland.


Takka vere midlar frå Den kulturelle skulesekken kunne vi igjen arrangere forfattarbesøk. Denne gongen fekk vi besøk av Bjørn Sortland. Han har hittil skrive 39 bøker, både for barn, ungdom og vaksne. Han er kanskje særleg kjend for serien om "Kunstdetektivene" der han har skrive bøker om ulike mysterie frå forskjellige byar: "Bergen-mysteriet", "Barcelona-mysteriet" og " Paris-mysteriet". Alle 9.klassene i Ørsta fekk møte han. Dessverre måtte vi avlyse besøket på Vartdal skule då Sortland vart akutt sjuk.
Sortland snakka om parallellar (samanehengar) mellom forteljarstruktur (teknikk) i bok og film.
Det såg ut til å engasjere elevane. Han brukte filmen "Notting hill" som eksempel når han foklarte om korleis ein film er bygd opp.
Han las også eit kapittel frå ungdomsboka si:"12 ting som må gjerast rett før verda går under".
Vellukka besøk! Sortland var ialle fall svært nøgd med elevane; flott framferd, dei viste interesse og var engasjerte.

Birgitt Barstad Sørheim, Ørsta folkebibliotek

Skriv ut siden i utskriftsvennlig format Aarseth, Inger Lise - 02.02.2010
Møre og Romsdal Fylkesbibliotek - Postboks 1320 - 6001 Ålesund - Vitjingsadresse: Kirkegt. 10, 3. etg.