Det totale kurstilbodet for 2010 er framleis under arbeid, og meir informasjon vil kome fortløpande. Det er for i år viktig å merke seg at tidspunkta for eit par svært sentrale samlingar;- Bibliotekleiarmøtet og Bibliotekdagane avvik ein del frå tidlegare praksis.   Bibliotekleiarmøtet er i år lagt til 17.-18.februar, altså ganske tidleg på året samanlikna med tidlegare år. Dette heng saman med fylkesplansatsinga "Felles grafisk profil", som det er ønskeleg å få presenterert så tidleg som råd for å kunne jobbe vidare med prosjektet. I tillegg skal det jobbast vidare med handlingsprogrammet for fylkesplanen, og her er det behov for god dialog mellom fylkesbiblioteket og nettverket;- også ein god grunn for å legge samlinga så tidleg på året.   Bibliotekdagane er lagt til 8.-9.september;- også eit avvik frå tidlegare praksis. Eit hovudtema her vil vere "Formidling",-og vi har fått Rachel van Riel, direktør for Opening the book til hovudinnleiar. Ho vil både snakke om formidling av litteratur med lesaren i fokus, og om formidling av sjølve biblioteket og korleis ein tilbyr sine tenester. Her vil det det bli inspirasjon og nytenkande kunnskap å hente for alle, og vi ser det som viktig at dette skjer så tidleg på hausten at det er råd å få eventuelle nye satsingar inn i økonomiplanarbeidet for neste budsjettår.   Så merk dykk desse datoane, og følg med vidare på kurskatalogen vår!
|