|
Denne gongen var vi så heldige at vi fekk tak i Maria Parr, og det klaffa slik at Ørsta var den første kommunen ho besøkte etter at ho fekk Brageprisen for boka "Tonje Glimmerdal".
Maria var veldig flink til å snakke med og til elevane. Mange klasser var godt førebudde. Dei hadde lese "Vaffelhjarte", den første boka hennar, og nokre hadde også lese "Tonje Glimmerdal" allereie. Spørsmåla frå elevane var mange. Maria fortalde korleis ho skreiv historier i barndommen og las dei for småsyskjena sine. Ho sa til elevane at dei måtte huske at det var no på deira alder dei hadde den beste fantasien og oppfordra dei som hadde lyst til å skrive å gjere det no. Ho hadde hatt god bruk for det ho skreiv ned som barn no når ho gav ut desse bøkene. Ho fortalde om alt arbeidet det er å gi ut ei bok med korrekturlesing i det uendelege osv.
Ho las også frå bøkene sine! Kjempeflink!!
Birgitt Barstad Sørheim, Ørsta folkebibliotek
|